tirsdag 6. oktober 2009

Heim kjære heim 05.10.09



Litt før kl 5 om morgonen starta nabolaget si levande vekkerklokke å "kyllekikye". Etterkvart tok tordenskralla meir og meir over lydlaginga, og då vi stod opp fekk vi endeleg sjå kva regntid er for noko. Denne dagen var vi på Strømmekontoret, og dagen starta med at vi norske hadde "devotion" med sang, bøn og ord for dagen. Vi var også innom den norske ambassaden og fekk registrert oss. Vidare hadde vi ekte Uganda-lunch på Strømmekontoret, som er den same bygningen eg og Kaia har CHRISC-kontoret vårt i. Eg fekk smaka matoke for fysste gong, ein stuing av grøne bananer som eg er fast bestemt på å lære meg å like så fort som mogleg.
(Dei 5 siste bileta er tekne av Kaia)
Her er nokre bilete av leilegheita vår. Bilete av den fantastiske utsikta kjem seinare.

Seinare fekk eg og Kaia kjøpt inn det mest nødvendige til hushaldninga og flytta skikkeleg inn i leilegheita. Me laga kvar vår biletevegg, og endeleg byrjar det å følas som ein heim. I mangel på anna mat enn tørrt brød, satte eg og Kaia fantasien i sving og dikta opp ein ny rett; brød dyppa i melk, steikt i olje og spist frå skål med sjokoladepålegg og bananbitar på. Nam nam.






4 kommentarer:

  1. SÅ kjekt å lesa bloggen kjære mzunguSerina! Glede meg t å fylla me videre på safarien din!(For safari betyr jo reise;) Kooooos deg ein heil masse, å trekk t deg alle rare å fine inntrykk! Guds fred øve dokke:)

    SvarSlett
  2. heyyyy, no nice to see your pictures... i wish i could understand more norwegian, it`s so cool to see everything though.
    Have funnnn!!!

    SvarSlett
  3. åååå, det ser kjempekos ut! :D eg komme på besøk så fort så mulig!!!!!!!

    SvarSlett
  4. Gry: Tusen takk. Ja det e bra at Gud e me oss :P Håbe du har det fint å flott. Gla i deg.

    Matheus: Hey! I thougt you would be a professional in norwegian by now, but maby I should swith to english. I hope you enjoy Norway and the rain. Hehe. Take care, teddybear!

    Olina, min kjære søster: Ja e skikkeligt digg! Fekk du mailen me resten av bildene? Glede meg te å få besøg ;) luv yah <3

    SvarSlett