tirsdag 6. oktober 2009

Sundag i Afrika 04.10.09





Denne dagen vart vi også henta på hotellet, og igjen reiste vi ganske mykje for seint. Men sjølv om vi kom for seint til kyrkja som starta kl 08.00, fekk vi med oss 2,5 timar av gudstenesta. Sang, dans og masse liv var ein fin oppleving, og vi åtte norske vart til og med sendt fram på scena for å seie kven vi var og bli tekne i mot av kyrkja. Og for eit gjestmildt folk. Afrika har verkeleg fått meg til å føla meg velkommen! På kyrkjeplassen fekk eg også prøva hol-i-golvet-do for fysste gong, ei fornøyeleg oppleving. Ette rkyrkja kjøpte me inn diverse, og eg og Kaia flytta inn i vår nye leilegheilt. Vi bur vegg i vegg med Irene og Beate, og angåande førebuingane til innflyttinga merka me forskjellen på å ha ein ung mann til kontaktperson VS ei vaksa kvinne. Medan auntie Katherin hadde sørga for spisebord, stolar, tv, brødristar, reigjøringartiklar osv til naboane, kom eg og Kaia til ein leilegheit som mangla 3 dører, blant anna på do, golvet var dekka av grus etter bygginga og det fantes verken kost, såper eller dopapir. Men til gjengjeld hadde me ein svær sofa og gitar, pluss mat, så me skal ikkje klaga.

Etter å ha vaska golv og vegger, tok eg og Kaia mopedtaxien Boda-Boda for fysste gong for å hente Torkel, Marie og Malene som befant seg på FOCUS Uganda. Dei kjekke og spanande opplevingane står verkeleg i kø for tida. Denne kvelde var vi 11 norske Hald-studentar i den 12 kvadratmeter store stua til meg og Kaia som spiste spagetti og hadde det rektig så koseleg. Med overnettingsbesøk, myggnettingtrøbbel og søvnsnakk vart dette nok ein fullkommen dag i "The pearl of Africa".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar