tirsdag 6. oktober 2009

Endeleg i AFRIKA! 02.10.09


Då flyet gjorde seg klar for landing i Nairobi kjente eg iveren stige. No er eg i Afrika! Med bankande hjarta bøyde eg meg over afrika-veninna mi for å sjå dette nye kontinentet, og vart møtt av noko av det finaste eg har sitt. Sola var så stor og raud som eg aldri har sett henne før, og med skyene rundt såg det ut som eg befant meg midt i eit eventyr. Dette er min nye heim. For ein tanke!

Då fly nr 3 og reisetime nr 20-et-eller-anna var over, var det ein sliten gjeng som gjekk mot visumdisken i Entebbe, Uganda. Vi var forberedt på det verste, og gleda var stor då det heile gjekk smertefritt, eller korrupsjonsfritt. Då til og med all bagasjen, etter nokre lange nervøse minutt, kom var vi strålande fornøgde alle fem. Det vil seie både Marte, Silje, Oda, Irene, Beate, Kaia og meg. Men gleda skulle ikkje stansa denne dagen. Då vi kom ut av flyplassen vart vi møtt av to smilande karar; Peter, meg og Kaia sin kontaktperson, og Robert, vår kjære sjåfør. Dei fekk alle saman, pluss all bagasjen, inn i ein bil og fekk oss ut på den afrikanske vegen. Turen var ein SAFARI i seg sjølv, med mange sterke inntrykk. Afrikansk natur, kjørestilen, menneska og alt som er å sjå kan ikkje beskrivas, det må opplevas. Vi vart kjørte til ein hotel i Kampala der dei andre act-now-mzunguane som kom kvelden før venta på oss. Resten av dagen gjekk i å kjøpe overprisa frukt, bada i hotellbassenget og leve skikkeleg feireliv. Følelsen av å ha vunne i LOTTO blir berre sterkare og sterkare, og eg takkar Gud for at eg endeleg får være her og oppleve alt dette. Eg gledar meg til eg ikkje er turist lenger, men ugander.

1 kommentar:

  1. Hei Serina!

    Kjekt å finne sida di!

    Lett å sjå at du har det heilt topp!
    Hadde aldri tenkt på at me er eksotiske med hår på armane:-) Me har det bra alle fem, tenker mykje på deg! Klem frå Kristin S.

    SvarSlett