tirsdag 6. oktober 2009

Jinja og Nilen si kjelde 03.10.09



Etter ein tidleg frukost på hotellet vart me henta av ein kvit taxibil av typen du ser overalt i Uganda. Me reiste rektignok ein time seinare enn planlagt, men er ein i Afrika så er ein i Afrika. Då vi kjørte innom for å hente Irene og Beate i leiligheita deira fekk me ta turen innom barnehagesenteret "Miles 2 Smiles" og seie hei til ein skokk fantastisk herlege ungar i 2-3 årsalderen. Då alle ropesang i kor " How are you mzungu, how are you mzungu" til oss, og kom for å halda hender og klatra på oss, smelta me alle.

Då taxien var full, det vil seie 17 personar i ein bil som i Noreg er meint for 7, satte me full fart på raud humpete veg mot Jinja. På vegen stansa me og fekk pressa frityrsteikte bananer, grillspyd og drikke inn vindauet av ivrige selgarar før me humpa vidare i 110 km/t, utan bilbelte såklart, men i Afrika funker dette heilt fint.


Etter eit par timar med fantastisk utsikt kom vi, med litt småkramper i låra, fram til Viktoriasjøen, Nilen si kjelde. Vi fekk køyra båt på Nilen og sjå eit nydeleg fossefall lenger nede. Med utsikt over sjøen og omringa av apekattar, åt vi middag på eit fint hotel, og fekk av vår fantastiske manager Prisilla lære om "how to stay out of trouble" i Uganda. Gjengen som har teke i mot oss er heilt fantastisk. Alle på Strømmekontoret, pluss kontaktpersonane våre er heilt konge, alle på kvar sin måte, og eg ser fram til å bli enda betre kjent med dei. Kvelden vart avslutta på hotellet i Kampala med god mat og latterkramper.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar