mandag 1. februar 2010

Kven er eg?

Så liten i den store samanhengen. Så ufatteleg liten. Som et sandkorn i Sahara. Kva betydning har vel eg? I mitt eige univers, i min eigen hjerne, er eg ein stor del av mitt liv. Eg har tankar og følelsar så store at dei er umoglege å forklara med ord. Eg er glad, trist, opprømd, såra, spent, redd og forvirra. Eg leitar etter svar. Kvifor er eg her? Er det berre meg og universet?
Eg har ein kropp som eg bur i, og som gir hjernen moglegheit til å utføra handlingar. Og kroppen har mange behov. Eg, som menneske, for det er eit menneske eg er, har mange behov. Eg treng fysiske ting som mat, klede og hus for å halda meg i live, men eg treng også å kommunisera, å verta forstått, å verta sett. Og til slutt, eg veit ikkje kva vesle meg betyr i den store samanhengen, men eg veit at eg aldri kunne ha levd utan å verta elska. Å verta elska av menneska rundt meg og mest av alt, å verta elska av Han som skapte meg til den eg er. Han veit alt om meg, meir enn eg veit sjølve, Han elskar meg, og då må eg jo føla meg ganske priviligert som får lov til å vera meg.

3 kommentarer:

  1. hei Afrikanske kvinne! U look good with African kids.you realy like kids. please keep it up.we do appreciate everything especially at st martins where you are teaching kids different life skills and phisical education.
    thank you and May God bless you
    Mr Monkey Justus. din venn

    SvarSlett
  2. Serina! Du e goe du :) Savne deg, min goode venn! Kjærleg helsing Hanna :)

    SvarSlett
  3. Heisann folkens. Tusen takk!
    Hanna: eg savne deg åg min mukwano.
    Stooor klem!!!

    SvarSlett