lørdag 12. september 2009

Kva er det eigentleg eg skal ut på?

Etter mange førespørslar, ser det ut til at denne bloggen vert på nynorsk likevel. Eller kanskje det vert ein god blanding mellom bokmål, nynork og dialekt. Time will show.

Det går meir og meir opp for meg at det faktisk er under tre veker til eg har flytta til Kampala, Uganda! Eg har aldri vore utanfor Europa før, og aldri vore heimefrå lenger enn nokre veker. No skal eg vere vekke sju heile månadar!

Men kva er det eigentleg eg skal gjera dette året? Hald Internasjonale Senter har eit motto, TTT, dei tre t-ane. Desse står for Tilføre, Tilføres og Tilbakeføre. Det betyr at eg dette året skal gjera ein innsats i Uganda, men at eg også skal lære mykje nytt, og kanskje viktigast, å føra den nye kunnskapen og engasjementet heim att til Noreg.

Som Act Now- daltakar representerar eg både Fredskorpset og Strømmestiftelsen, i tillegg til skulen, Noreg, meg sjølv osv. Ein av våre kjære lærarar, Wenche, illustrerte dette fysste dagen med å tre på seg ulike t-skjorter for alt ein representerer dette året. Skuleåret til Act Now-erane er delt opp i ein seks vekers førebuingsperiode på Hald, sju månadar i utlandet og til slutt seks veker avsluttande kurs på våren. Gjennom året vil vi ha fått mykje spanande undervisning om:
1. Kultur og tverrkulturell forståelse
2. Bistand og utvikling
3. Bibel og misjon
4. Lederutvikling og personlig vekst
5. informasjon, kommunikasjon og formidling

Under uteopphaldet skal eg og min Team-mate Kaia arbeide for CHRISC Kampala, men kva vi skal gjere, det har eg rett og slett ikkje peiling på.

1 kommentar:

  1. Så kjekt at du har oppretta en blogg Serina! Då kan eg sitta i Bø å lese dine tanker om livet i Afrika! Eg vett at du komme te å stortrives der nere! Heldige hu som ska få reise og bu med akkurat DEG i sju månader..! :) Du får ha masse lykke til! Kose deg masse! Nye det, for tidå den går fort! Kjempe gla i deg! God klem fra Ingrid;)

    SvarSlett